Avreise
Avreise
Tilleggsprodukter
Navn og adresse
Betaling
Kvittering

Skjærgårdstur til Tysnesfest 2018

Festivalcruise TIL TYSNESFEST 2018

I samarbeid med Tysnesfest lanserer vi no eit heilt nytt konsept: Tysnesfest-cruise med «Statsraad Lehmkuhl»!

Det kan ikkje verta enklare: Torsdag 12. Juli pakkar du festivalsekken. Midt i hjarta av Bergen stig du om bord i majestetiske «Statsraad Lehmkuhl». Seglskuta tar deg trygt og godt gjennom ein nydeleg skjærgard heilt til Tysnes, der ho legg til kai midt i Våge sentrum. Derifrå er det gongavstand til Gjerstad arena og alle dei flotte konsertane. Du søv om bord i seglskuta. Når festivalen er ferdig blir du frakta heilt tilbake til Bergen sentrum, der du sundag 15. juli stig i land full av minner for livet.

Dette er så sutalaust som det er mogleg å få det. Du slepp å tenke på bil, ferjetider og parkering. Du slepp å kave med å finne overnatting. Du kan berre kose deg glugg i hel på Tysnesfest.

Skuta har begrensa med soveplassar og vi reknar med stor pågang. Du bør difor vera snar med bestillinga di. Det er mogleg å bestilla berre transporten til/frå Tysnes om du vil det. 

 «Statsraad Lehmkuhl» er ein tremasta stålbark bygd i 1914. Ho har i alle år fungert som skuleskip og har nyleg vore gjennom ei omfattande modernisering med mellom anna nytt og moderne sanitæranlegg. Soveplassane for skuta sine gjestar er i hengekøyer på banjeren.

Viktig informasjon:

  • Det er «silent camp» og ingen sjøslag på kveldstid om bord. Nattero etter kl. 23.00.
  • Aldersgrense for overnatting er 25 år
  • Billettar til Festivalen kjøper du her: http://tysnesfest.no/

Ombordstigning frå kl. 11:15 på Bradbenken

Avgang Bergen 12. juli kl. 12:00
Ankomst Tysnes 12. juli kl. 16:00

Ombordstigning fra kl. 08:15

Retur Våge - Bergen (kjøpes separat)
Avgang Våge, Tysnes 15. juli kl. 09:00
Ankomst Bergen 15. juli kl. 12:30 

Billettar vaksne NOK 540,-
Et deilig reke- og sildebord er inkludert i prisen.
Drikke kan kjøpast om bord.

På denne turen må du fylle inn namna på alle reisande. Følg linken til "min side" på din bestillingsbekreftelse.

PS: Skulle du vera ekstra sugen på festivalopplevingar sommaren 2018, kan du allereie no tinga plass på «Statsraad Lehmkuhl» sitt tokt til Trænafestivalen. Avreise frå Bergen er 1. juli. Etter retur til Bergen går turen vidare til Tysnesfest. Denne turen kan du bestille her: https://booking.lehmkuhl.no/tour/107?c=no

Pris fra kr. 540,-
Pr. person

Avreise
Tilleggsprodukter
Navn og adresse
Betaling
Kvittering

VELG ANTALL OG DATO

Voksne
2

Slik går turen:

Avgang Bergen kl. 12:00
Ankomst Tysnes kl. 16:00